inspirasjon

Velg kategori

Kunsthuset Kabuso

Sted: Øystese i Kvam, Arkitekt: Hille Strandskogen Arkitekter AS

Arkitekt: Hille Strandskogen Arkitekter AS

Byggeår: åpning jan 2006

Areal: 592 m2

Beliggenhet/plassering: Hardangerfjordvegen 626, 5610 Øystese
Kabuso ligg like ved Ingebrigt Vik Museum i sentrum av Øystese i Kvam, Hardanger. Ca. 1 t 15 min køyring frå Bergen.

Generelt om bygget:
Kabuso er Hordaland fylke sin tusenårsstad. Om føremålet med Kabuso står det:
"Det konkrete uttrykket for Hardanger som tusenårsstaden i Hordaland skal manifesterast i eit kunst- og kultursenter i Øystese, som med bakgrunn i fortida skal spegla samtida og vera ein møteplass for alle.
Tusenårsstaden skal vera eit senter der kunst- og kulturytringar vert formidla på eit profesjonelt nivå, og der kunsten kan fungera som ein dialog mellom Noreg og verda ute."

Hille Strandskogen Arkitekter vann konkurransen om tusenårsstaden, og skriv dette om utkastet sitt: Vi har prøvd å finna fram til ein arkitektur som kan binda saman dei ulike retningane og særtrekk i omgjevnadene og få fram eit anlegg som kan stemma den gjestande til å motta kunst av ulik karakter og ta inn over seg dei kvalitetane som ligg i bygda Øystese.

Namnet
Namnet på kunsthuset er konkret henta frå fjellformasjonen Kabuso, som ligg oppunder Torefjell bak Øystese. Fjellet har fått namnet sitt frå det gamle ordet for ei spesiell hue (ei slags hette): ei kabuse. Grunnordet er det latinske caput; hovud, som me også kjenner att i munkeordenen capucium (kapucinermunk), også kalla hettemunkar.

Planløysing
Tilkomstrampen tek til nede ved hovudvegen. Vestibylearealet går over to plan. Dei opne partia gjev orientering mot garderobar, toalett og administrasjonen som ligg i underetasjen. Den øvre delen av vestibylen er delt i to soner, skrankeareal og foajé.

Administrasjonslokale
Alle servicefunksjonar er lagde til nordsida av bygget. Her har administrasjonen sine kontor. Det gjeld óg tilleggsfunksjonar som personaltoalett og garderobe, bøttekott og lagerrom.

Ingebrigt Vik Museet
Utvidinga av Ingebrigt Vik Museet er løyst ved å byggja vidare på den klassiske symmetrien. Frå parken vil ein kunna kikka inn og få glimt av skulpturane som no vil koma meir fram "i lyset". Byggeteknikk og materialval er som i det nye bygget.

Materialbruk:
Berande konstruksjonar er i betong. Utvendig er bygget isolert og kledd med ein lys grå teglstein. Beslaga er i koppar. Innvendig er konsertsalen fullt og heilt utført i tre. Golva er i heiltre eik og betong.

AREAL
Utstillingslokale: 203 m2
Magasin- lager: 45 m2
Tilbygg Ingebrigt Vik Museum: 56 m2
Konsertlokale / auditorium: 168 m2
Sidescene m/ flygelgarage: 38 m2
Øvingsrom / møterom: 14 m2
Kunstnargarderobe: 15 m2
Tekniske rom m.m: 53 m2

Les mer på http://www.kabuso.no/


Skriv ut siden
Søk i inspirasjon

fakta om mur og betong